Personal tools
You are here: Home Arkiv Nyheter 2007 Skudeneshavn ungdomsrevy 2007
Navigation
Snarveier
 
Document Actions

Skudeneshavn ungdomsrevy 2007

by aij last modified 2007-05-24 07:15

Premiere onsdag 30.05. kl 19.30 Neste forestilling er torsdag 31.05.

What Social Event
When 2007-05-30 21:30 to
2007-06-01 00:00
Where Skudeneshavn kulturhus
Add event to calendar vCal
iCal

Onsdag 30. mai klokka 19.30 er det premiere på revyen Galskap i sikte på kulturhuset i Skudeneshavn. Revyen er eit samarbeid mellom lokale ungdomar og eit prosjektteam på Skudeneshavn kulturhus med mellom anna Synth å le-medlem og kulturhuskoordinator Kurt Johansen.

Ideer, tema og tekster er klekka ut i fellesskap, men det er ungdomen som har bestemt innhaldet. Prosjektet starta seinhaustes 2006 med 22 deltakarar, (nokre få har falt frå sidan då), og no kjem endelig resultatet. Kvar mandag sidan oppstart har ungdomane møtt trufast opp på kulturhuset i Skudeneshavn for å øve, med unntak av feriar. Dei har fått god opplæring i alt som omfatter det å lage revy, som kostymevalg, mimikk, samspel og scenevisualisering. Johansen kan røpe at mykje av innhaldet er lokalt inspirert, og innslag som ”Reisefølge på Skuddnes-ferjå”, ”Nyheter på Skuddnisk” og ”Kim e best av Skuddnes og Åkra” er gode døme på dette. Med sistnevnte er det kanskje logisk kva utfallet blir når det er revyungdom frå Skudeneshavn som står på scenen. Revyen tar og for seg generelle tema som realityprogram i sangen ”Realety, realety”, blondinemyter i ”Blonde Kiwi-dame” og ”Jenter i Militæret”. Ungdomsrevyen lokker og med spreke dansenummer.

Seinare i haust skal ungdommane til Oslo for å sjå andre spele revy, og inntektene frå revyen  går til denne turen.

Dei som er med i revyen er:
Stine Naley, Karina Bjelland, Katrine Mannes, Nancy Marie Wikre, Maiken Midtbø, Tina Johannessen, Karina Sunde, Ida Sekanina, Line Martinussen, Kristoffer Hansen, Jeanette Pedersen, Fredrik Wareberg, Kristine Hemnes, Anders Sekanina, Mats Sunde og Giuliana Bertolini.

For meir informasjon sjå Karmøy kommune sin kulturkalender:
http://kultur.karmoy.kommune.no/arkiv/nyheter/2007/ungdomsrevy-i-skudeneshavn 

Plakat